Unicornis: Eit unikt selskap
Unicorn Information Systems AS blei stifta av ungdomsorganisasjonen Hyperion N4F med formålet å være et selskap som skapar nye og innovative løysninger for organisasjonar i Norge. Vi er eit selskap heileigd av frivillige organisasjonar, og vi fokuserer på å gjere arbeidet til alle ledd i organisasjonen enklare.
Meir enn berre HyperSys
Sjøl om HyperSys er flaggskip-produktet til selskapet, tek vi på oss andre oppdrag, små og store. Vi hjelper gjerne til som konsulentar for å rådgjeve om teknologi eller som ein partnar i eit større prosjekt, til dømes med utvikling.
Ekspertise, ressursar og organisasjonsbakgrunn
Selskapet har bakgrunn i organisasjonsdrift, og vi har personar på alle plan, frå dagleg leiar til styremedlemmar og utviklarar som har lang erfaring som tillitsvalde i ungdoms- og vaksenorganisasjonar og sjølsagt som tilsette i IT-selskap. Denne balansen gjer at Unicornis er ein unik kompetansebank og kan på kortare tid foreslå løysninger som passar best for den frivillige sfære.
Brukarorganisasjonane har plass i styret
Styret til Unicornis har fast plass til ein representant og ein vararepresentant for brukarorganisasjonane. Representanten som er styremedlem har møte- og stemmerett på alle styremøter og på generalforsamlinga.
