Unicornis: klar for oppdrag!

Selskapet vårt har særs god kompetanse innan dei fleiste plattformar og programspråk. Kombinert med vår organisasjonserfaring er vi eit selskap med ein unik balanse som kan gje gode råd og lage innovative løysninger som sparar organisasjonar og bedrifter for tid og pengar.

Våre tidlegare oppdrag

Selskapet vårt blei stifta sommaren 2008, og har ikkje full drift før januar 2009. Men vi har på den tida rukke å få eksterne oppdrag.

Forprosjekt: Nytt administrasjonsystem til LNU

Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU) forvaltar fleire titals millionar kvart einaste år fordelt på ulike støtteordningar. LNU ville ha kartlagt kva som er mogleg å gjere for å effektivere drifta, og korleis eit eventuelt nytt system kan sjå ut. Unicornis laga, basert på intervjuar og dokumentasjon, ein fyldig rapport og forslag til kravspesifikasjon for eit eventuelt nytt administrasjonsystem.