Unicornis: klar for oppdrag!

Selskapet vårt har særs god kompetanse innan dei fleiste plattformar og programspråk. Kombinert med vår organisasjonserfaring er vi eit selskap med ein unik balanse som kan gje gode råd og lage innovative løysninger som sparar organisasjonar og bedrifter for tid og pengar.

Nytt saksbehandlingsverktøy for Frifond-støtteordningene

Kvart år blir over 150 million kroner fordelt via Frifond-støtteordningene. Pengane skal gå til lokal aktivitet, og det er fleire ulike støtteordninger med ulikt fokus og ulikt regelverk. Unicornis utvikla ei løysning for administrasjon av dette, noko som føyrde til ei digitalisering av søknadsprosessen og ei ny tid kor alt frå søknad, utbetaling av pengar og rapportering av tiltak gjekk for seg utan eit einaste papirark.

Donasjonsløysning for bistand

Bistandsorganisasjonen FORUT hadde ei utfordring: ei årleg kampanje med fleire tusen barnehagar blei handsama på papir. Invitasjon, påmelding, utfylling av rapport og overføyring av midlar blei gjort manuelt, noko som tok mykje tid. Unicornis utvikla ei digital løysning som inkluderer ringesenter-funksjonalitet inkludert ringestatistikk, tilbakeringing og kopling direkte mot telefonisystem. I tillegg kan aktørar styre si eiga påmelding, be om ekstra varer for sal/basar med meir. Prosjektet har spart FORUT for mykje arbeidstid som kan brukast til å følge opp deltakande aktørar og sjølve bistandsprosjekta.

Integrasjonsprosjektet (Altinn/Brønnøysundregistra)

Unicornis tek del i Integrasjonsprosjektet, kor vi er leigd inn til å arbeide med å finne ein teknisk plattform for å rapportere informasjon som styresamansetning med meir direkte frå medlemsregister og inn i offentlege registre. Målet er å senke lista for å rapportere til det offentlege, og at fleire organisasjonar skal få organisasjonsnummer utan at det blir meir arbeid for dei tillitsvalde. Arbeidet ledast av Kulturdepartementet, og målet er å lage ei teknisk løysning pluss referanseimplementasjon.