Styret 2008
|
Inge Carlèn (Styreleiar)Inge sit i hovudstyret til Studentsamskipnaden i Oslo som forvaltar fleire hundre millionar kvart år og har ei stor samling med underselskap. Som styremedlem i Landsrådet for Noregs borne- og Ungdomsorganisasjonar har Inge kjempa for gode støtteordninger til ungdomsorganisasjonar i landet. Inge sit òg i Bydelsutvalet for Sagene (Venstre) og Personvernkommisjonen. Han har tidlegare verv i ein rekke landsdekkande organisasjonar. |
|
Bjarne Dæhli (styremedlem, brukarorg.representant)Bjarne har bakgrunn frå fleire av barne- og ungdomsorganisasjonane og er leiar i Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU). Han arbeider til dagleg med eit nasjonalt leseprosjekt mellom skule og bokhandel for å fremje leselyst blant elevar
|
|
Eli Ulvestad (styremedlem)Eli er tidlegare assisterande generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU), og arbeider no hos Barneombodet. Ho har lang organisasjonserfaring, i hovudsak frå Noregs Ungdomslag. Eli er også medlem i Fordelingsutvalet, som fordeler grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane på vegne av Barne- og Likestillingsdepartementet. |
|
Ingrid Nergaard-Fjeldstad (styremedlem)Ingrid er tidlegare styremedlem i Lånekassa , sentralstyremedlem i Europeisk Ungdom og sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen. Ho studerar no juss på Universitetet i Oslo og bur for tida i Brüssel, Belgia. |
![]() |
Martin Vonstad Østerdal (styremedlem)Martin er no styremedlem og arbeidsutvalgmedlem i Landsrådet for Noregs borne- og Ungdomsorganisajonar (LNU) med ansvar for europeiske sakar. Han har tidlegare vore generalsekretær i Elevorganisasjonen, der han no sit i Desisjonskomiteen. |
|
Natalie Helen Knutli (styremedlem, eigarrepr.)Natalie sit i styret som eigarrepresentant for Hyperion N4F, kor ho til dagleg er generalsekretær. Ho har vore tillitsvald i Hyperion sidan 2008, og erfaring som aktiv og tillitsvald i Elevorganisasjonen. |
![]() |
Svein Terje Steffensen (styremedlem)Svein Terje har utdanning innan forretningsutvikling og jobbar med levering av IT-løsningar som IP-telefoni, nettverk og videokonferanse til bedrifter. Han har tidlegare vore leiar av Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom (KANDU), ein organisasjon med over 5.000 medlemmer. |
Varamedlemmer i Styret 2008
Lars Raaum (varamedlem, brukerorganisasjonsrepresentant)Lars er tidlegare generalsekretær i Europeisk Ungdom og er aktiv i Arbeidernes UngdomsFylkning (AUF). Han studerar økonomi på London School of Economics, og bur i London. |
|
Martin Nielsen (varamedlem)Martin har vore generalsekretær av Hyperion N4F og Elevorganisasjonen. Han har mykje erfaring med økonomi og statleg byråkrati, og har nett studert Statsvitenskap på Universitetet i Oslo. |


