Styret 2009
Styret p.t., tidlegare styre: Styret i 2008
|
Inge Carlèn (Styreleiar)Inge sit i hovudstyret til Studentsamskipnaden i Oslo som forvaltar fleire hundre millionar kvart år og har ei stor samling med underselskap. Som styremedlem i Landsrådet for Noregs borne- og Ungdomsorganisasjonar har Inge kjempa for gode støtteordninger til ungdomsorganisasjonar i landet. Inge sit òg i Bydelsutvalet for Sagene (Venstre) og Personvernkommisjonen. Han har tidlegare verv i ein rekke landsdekkande organisasjonar. |
|
Bjarne Dæhli (styremedlem, brukarorg.representant)Bjarne har bakgrunn frå fleire av barne- og ungdomsorganisasjonane og er leiar i Landsrådet for Noregs barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU). Han arbeider til dagleg med eit nasjonalt leseprosjekt mellom skule og bokhandel for å fremje leselyst blant elevar på mellomtrinnet. Han har studert kommunikasjonsleiing. Bjarne er vald inn som representant for brukarorganisasjonane. Bjarne var i permisjon frå styret frå februar 2010. |
|
Eli Ulvestad (styremedlem)Eli er tidlegare assisterande generalsekretær i Landsrådet for Norges barne- og Ungdomsorganisasjonar (LNU), og arbeider no hos Barneombodet. Ho har lang organisasjonserfaring, i hovudsak frå Noregs Ungdomslag. Eli er også medlem i Fordelingsutvalet, som fordeler grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane på vegne av Barne- og Likestillingsdepartementet. |
|
Ingrid Nergaard-Fjeldstad (styremedlem)Ingrid er tidlegare styremedlem i Lånekassa , sentralstyremedlem i Europeisk Ungdom og sentralstyremedlem i Elevorganisasjonen. Ho studerar no juss på Universitetet i Oslo og bur for tida i Brüssel, Belgia. |
|
Halvar Trøyel Nerbø (styremedlem)Trøyel har vore generalsekretær i Elevorganisasjonen og aktiv lokalt og regionalt i Molde Press og Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal. Trøyel har og vore nestleiar i Utdanningsdirektoratets råd for inkluderande opplæring i to år. |
|
Natalie Helen Knutli (styremedlem, eigarrepr.)Natalie sit i styret som eigarrepresentant for Hyperion N4F, kor ho til dagleg er generalsekretær. Ho har vore tillitsvald i Hyperion sidan 2008, og erfaring som aktiv og tillitsvald i Elevorganisasjonen. Natalie gjekk ut av styret i slutten av august 2009. |
![]() |
Svein Terje Steffensen (styremedlem)Svein Terje har utdanning innan forretningsutvikling og jobbar med levering av IT-løsningar som IP-telefoni, nettverk og videokonferanse til bedrifter. Han har tidlegare vore leiar av Kreativ Aktiv Norsk DataUngdom (KANDU), ein organisasjon med over 5.000 medlemmer. |
Varamedlemmer i Styret 2009
Benjamin Sakkestad (varamedlem, brukarorg.representant)Benjamin blei vald inn i styret etter nominasjon frå Ungdom mot Narkotika. Han var styremedlem frå februar 2010. |
Marius Sæther (varamedlem, eigarrepresentant)Marius representerte Hyperion i styret, og var frå september 2009 styremedlem. |

