Vi forenklar organisasjonsdrifta

Det som driv Unicornis er vårt mål om å forenkle organisasjonsdrifta. Med våre datasystem frigjer vi arbeidstid som tidlegare er brukt for rutine- og papirarbeid til verdifull organisasjonstid. Våre løysninger er utvikla for å sette organisasjonen i fokus, ikkje eit datasystem.

Vi er eigd av kundane våre

Dei fleiste IT-selskap har som mål å tene pengar for eigarane sine. Vårt mål er å skape nye løysninger som forenklar kvardagen til organisasjonar og som opnar opp ny funksjonalitet for fleire, store som små. Vi er unike på feltet ved at det er kundane våre som eig oss. Dette gjer at fokuset vårt er på å skape beste rammer for alle som tek systemet i bruk, og ikkje det å få meist mogleg pengar på vegen.

Meir enn berre HyperSys

Sjøl om HyperSys er flaggskip-produktet til selskapet, tek vi på oss andre oppdrag, små og store. Vi hjelper gjerne til som konsulentar for å rådgjeve om teknologi eller som ein partnar i eit større prosjekt, til dømes med utvikling.

Ekspertise, ressursar og organisasjonsbakgrunn

Våre tilsette har ikkje berre ypperst høg kompetanse innan sitt felt, som til dømes utvikling. Når vi ser etter nye tilsette, ser vi og etter personar med erfaring frå organisasjonsarbeid, gjerne på nasjonalt og lokalt nivå. Frå styreleiar til dagleg leiar, utviklarar, designarar og driftsteknikarar har vi dette til felles – vi skal kjenne vårt fagområde, men og kjenne til kva det betyr å vere tillitsvald. Med oss må du ikkje forklare kvifor det er viktig med kontingentinnkreving før ein viss dato. Du må ikkje forklare kvifor du treng viss informasjon til rapportering, vi kjenner sjølvsagt allereide til støttereglementa som er viktige for deg. Denne balansen gjer at Unicornis er ein unik kompetansebank og kan på kortare tid foreslå løysninger som passar best for den frivillige sfære.

Som kunde hjå oss blir du høyrd

Vi har fokus på at brukarorganisasjonane blir høyrd. Vi har fast kontakt med alle som tek våre system i bruk for å få tilbakemelding om kva som er aktuelt å utvikle vidare, og kva som må forbetrast. I tillegg har vi fast plass i Styret til selskapet for ein representant for brukarorganisasjonane. Denne representanten skal tenkje på heile brukarmassa, og har sjølvsagt stemmerett på lik linje med andre i Styret. I tillegg blir det ofte rekruttert personar med kompetanse blant brukarorganisasjonane til dei andre plassane i Styret.