Styret

ingeInge Carlén (Styreleiar)

Inge har lang erfaring frå organisasjonar, både på nasjonalt og lokalt plan. Han er tidlegare medlem av Personvernkommisjonen og arbeider no med forvaltning av støtteordninger i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet.

 

Eli Ulvestad (Styremedlem)eli

Eli har arbeidd i Barneombodet, som ass. generalsekretær i LNU og er no tilsett som Generalsekretær i Noregs Ungdomslag samt har fleire andre verv, som generalsekretær for Kulturalliansen. Tidlegare har ho hatt fleire perioder i det statlege organet Fordelingsutvalet, og tek med seg nyttig kompetanse om støtteordningar inn i selskapet. Ho har vore i Styret nesten frå starten.

 

 

Yngve Øyehaug Opsvik

Yngve er advokat hjå Advokatfirmaet Grette med fokus på IKT og telekom. Han har vore sentralt tillitsvald i Elevorganisasjonen og vore aktiv på både lokalt og nasjonalt plan i organisasjonar. Yngve har vore ein juridisk ressurs for selskapet sidan han blei med i styret i 2013.

 

 

Eirik Randsborg Lie

Eirik er ansvarleg for IT-tryggleik og personvern hjå Sosialistisk Venstreparti, og går i løpet av våren 2017 over til rådgjevar innan samme felt hjå Copyleft.

 

magnusMagnus Delsett

Magnus er Generalsekretær i Norges cøliakiforenings ungdom og har vore aktiv på både lokalt og nasjonalt plan i fleire organisasjonar.

 

 

Simon Ask Berg Ingebrigtsen

Simon er leiar av Hyperion, kor han har bakgrunn frå fleire ulike organisasjonar.

Ole Aleksander Østhassel (varamedlem)

Ole Aleksander er vara-brukarrepresentant og nominert Ung Kirkesang, kor han er styreleiar.

 

Les om tidlegare styre i Unicornis

Styret si rolle Styret har som oppgåve å oversjå drifta av selskapet.

Styret fastsett i kvar periode ein handlingsplan som er ledande for drifta av selskapet.

Det blir fast rapportert om status for utvikling og drift, og Styret følgjer opp vedtak frå årsmøtet.

Styret har verdifull kompetanse innan økonomi og selskapsdrift, men og ei viktig forankring til brukarorganisasjonane.