Tilsette i Unicornis

 

Profil Andreas-Johann

Andreas-Johann Østerdal Ulvestad Dagleg leiar, tilsett sidan 2008
Andreas-Johann har utdanning innan IT, og har sertifisering innan databasar, drift, sikkerhet på maskinpark, informasjonssikring og nettverk med meir. Han har stifta ein lokal barne- og ungdomsorganisasjon som no har 1.000 medlemmar, og har vore generalsekretær i ein nasjonal organisasjon.

Profilbilete Beate
Beate Hay Sandmo Programmerar og design, tilsett sidan 2014Beate har utdanning frå NTNU innan programmering, og har tidlegare tatt utdanning innan design. Ho er aktiv som frivillig på lokalt plan i ein mellomstor organisasjon. Beate har oppgåver innan programmering og design samt testing av brukarvenleg grensesnitt.
eirik_250px
Eirik W. Talberg Programmerar, tilsett sidan 2016Eirik har lang erfaring innan mange ulike programmeringsfelt, ein sokalla «full stack»-utviklar med kjennskap til alt frå database via bakliggande funksjonar og bruakrgrensesnitt. Kombinasjonen programmerar med medlemskap pluss tillitsverv i organisasjonar og politiske parti gjer Eirik godt kvalifisert til å arbeide med medlemsregister.
Profil Jens ÅdneJens Ådne Jakobsen Rydland Programmerar, tilsett sidan 2008

Jens Ådne har utdanning frå NTNU innan programmering. Han har vore aktiv i mange organisasjonar, og er no kontrollkomitémedlem i ein nasjonal organisasjon samt styremedlem i ein mindre organisasjon. Jens Ådne har programmert mykje av økonomisystem og kjernefunksjonar i HyperSys.

Profil Karl FredrikKarl Fredrik Haugland Teknikar, tilsett sidan 2013

Karl Fredrik er teknikar i Unicornis, og er under opplæring for å bli programmerar. Han er tillitsvald i store og små organisasjonar, og har ein fokus på teknikk i fritida. I Unicornis arbeider han med dagleg drift av maskinpark, import/konvertering for nye kundar, økonomi og stadig aukande del programmering.

Profil SiljeSilje Juvet Supportmedarbeidar og kursholdar

Silje har lang erfaring med teknisk assistanse, og har mange år som tillitsvald i organisasjonar. Ho studerar no utvikling, og arbeidar to dagar i veka hjå Unicornis. Silje gjer svar på spørsmål, og held og kurs i bruk av HyperSys.

Vil du arbeide i Unicornis?

Ledig stilling

Vi har for tida ingen spesifikke stillinger opne, men vi er alltid på utkikk etter dyktige utviklarar og teknikarar som vil vere med på å skape eit framtidsretta medlemsregister.

Ta kontakt om du er interessert!

 

Deltidstilsette/ressurar i underselskap

Unicornis har fleire tilknytta personar som ikkje arbeider fast i selskapet.

Erlend Åsgren (Teknikar)

Erlend studerar programmering, og arbeider med sideprosjekt og interne løysninger for selskapet.

Marius Davidsen (Utviklar)

Marius er ein av utviklarane i dotterselskapet Geekevents.

Greger Stolt Nilsen (Systemutviklar)

Greger har lang erfaring med utvikling, og følgjer opp prosjekt med integrering mot offentlege etatar (API).

Lars S. Oskarsen (Systemutviklar)

Lars har lang erfaring med utvikling, og arbeider i hovudsak med kodekvalitet (QA).

Asgeir Mortensen (Systemutviklar)

Asgeir har arbeidd hjå Unicornis både i full stilling og deltid, avhengig av studier. Han har masterstudie innan datasikring og har no eit forskningsprosjekt med effektivisering av nettverkstrafikk på tenarar.