Våre prosjekt

Unicornis utvikler eigne løysninger for å gjere livet til personar i sentral, regional og lokal administrasjon enklare. Systema våre er i hovudsak basert på internett-kobla maskiner, og er tilgjengelege i fleire språk og design.

hypersys_235x50

HyperSys er flaggskip-produktet vårt, og består av særs mange modular som til saman innfører sjølbetjening på alle ledd i organisasjonar. Eit medlem kan sjøl oppdatere informasjon, gjere endringar, melde seg på til arrangement og meir, medan lokallagsleiare kan sjå alt dette eller gjere det på vegne av enkeltmedlem om det er naudsynt.

Møte-, kurs- og konferansestyring

Kor ofte har ikkje personar gløymd av eit møte? Eller kanskje ikkje fått alle sakspapir i hende? Eller kanskje slit du med mykje arbeid i å «mase» på at personar skal varsle om dei kjem eller ikkje eller å få dei til å melde seg på ei konferanse i det heile tatt? Dette er ein kvardag vi kjenner oss att i, og våre modular for møte-, kurs- og konferansestyring gjer deg fleire val, meir informasjon og meir tid til overs for å fokusere på sjølve innhaldet. Om det er eit kurs som du skal få studieforbund- eller statsstøtte for, lagar systemet sjølsagt automatisk rapportar for deg.

Postarkiv

«Det papirløse kontor» er ei frase vi høyrde mykje om på 90-talet. Ulempa var at det papirlause kontor var tvert motsatt.. vi har meir papir no enn nokon sinne! Billige utskrifter sikrer at det alltid kjem brev, gjerne lengre og lengre òg. I ei tid der heimekontor og desentraliserte organisasjonar er meir og meir vanleg, innfører Unicornis heildigitalt postarkiv. Posten blir digitalisert og ein sakshandsamar får bearbeide dokumentet og kome med svar. Men dokumentet er for alltid tilgjengeleg med nokre få museklikk, uansett kor du er. Postarkiv er under utvikling, og blir lansert om om lag eit halvt år.

Donasjonar

I samråd med ein bistandsorganisasjon utviklar vi eit system for innsamling av donasjonar frå faste givarar, kampanjer for aktiv innsamling, sal av varer med meir. Systemet har blant anna funksjonalitet for ringelister/callcentre, takkebrev, rapportering av skattefritak med meir.

geekevents_235x50

Geekevents er ein netteneste for sal av billettar til arrangement med diverse støttefunksjonar, herunder kontakt med deltakarar, spørreundersøkingar, forum med meir. Prosjektet har eigne utviklarar og blir drive i eit eiga selskap kor Unicornis eig ein del og dei involverte kodarane med meir eig resten.