Profilbilete

Beate
utviklar og designar
Har jobba i Unicornis sidan 2014
Kompetansefelt

  • Design
  • Brukargrensesnitt
  • Programmering

Fagområder i Unicornis

  • Design
  • Utvikling (fokus på frontend)

Med blandinga utdanning innan design og programmering har Beate god erfaring med korleis ting burde sjå ut, og korleis det skal komme seg dit. Kombinert med erfaring innan frivillige organisasjonar har ho kjennskapen som skal til for å ikkje berre utvikle det ein organisasjon ber om, men og komme med skisser og foreslå løysninger basert på ulike organisasjonar sine behov. Beate brenn for å gjere løysningar lett å bruke for både erfarne og ikkje så erfarne brukarar.

Mine prosjekter

ArrangementmodulSkisserte og implementerte løysninger for arrangementmodul i HyperSys. Løysninga blei først laga for større arrangement i regi av sentralleddet, og deretter med fokus på at lokallag skal lett kunne opprette aktivitetar. Løysninga tek høgde for kursdøgn og tilskot frå diverse støtteordningar.
BrønnøysundregisteretHar frå tidleg av vore aktiv i brukargrensesnittet og «sluttbrukarfunksjonar» i Integrasjonsprosjektet med Brønnøysundregistra. Beate har på slutten hatt meist fokus på sluttbrukarar med tilbakemeldingar og råd til andre selskap som skal implementere samme løysning.
Sosial straumBasert på enkle utkast frå kunde har Beate kome med ulike alternative løysninger og deretter implementert løysning for samhandling internt i organsiasjon. Straum-funksjonen gjer det mogleg for organisasjonar å ha ulike diskusjonsgrupper – anten basert på tema eller geografi (t.d. per fylke) eller for enkelte organar som t.d. styrediskusjon. Komponenten er spesiallaga for ein enkeltorganisasjon.

 

Verv og organisasjonsefaring

OrganisasjonOm organisasjonenRolle(r)
Online (NTNU)Linjeforening for studentar innan informatikk ved NTNU. Hadde om lag 70-80 aktive verv i ulike grupper og komitear.Profil- og designarbeid
KANDUOrganiserar datainteressert ungdom og arrangerar aktivitetar. Om lag 7.000 medlemar.Ansvarleg grafikar og sponsorkontakt

 

Utdanning og kompetanse

FeltUtdanning/erfaring
InformatikkBachelor (NTNU)
PsykologiIntroduksjonsstudie
DesignFagskule og vidaregåande samt læretid i bedrift. Svennebrev som Mediegrafiker.
Frontend-utviklingVia formell utdanning og sjølvlært.