Ledig stilling
Brukarstøtte 2.-linje og teknikar
Problemløysing og teknisk arbeid er kjerna i denne stillinga. Du vil jobbe mykje med å feilsøke sakar frå kundar som går utanom enkel førstelinje brukarstøtte, men òg ta del i teknisk arbeid som drift og/eller utvikling, etter erfaringa di.
Dine viktigaste arbeidsområde
  • Problemløysing og feilsøking av brukarstøtte-sakar
  • Testing av programvare før månadleg utrulling (QA)
  • Hente ut og samanfatte data for kundar
  • Omsette kundeynskjer til kravspesifikasjonar
Ønska kvalifikasjonar
  • Du har erfaring med kommandolinje (Linux eller annan *nix er fordel)
  • Du har systematisk og ryddig arbeidsstil
  • Du er ikkje framand for rekneark
  • Gode evne til kommunikasjon og samarbeid
  • Har erfaring med problemløysing og feilsøking
  • Ikkje redd for å utforske ukjende fagfelt
  • Kjennskap til frivillige organisasjonar
Om selskapet

Unicornis er eit kundeeigd firma. Vi utviklar og driftar alle våre løysningar, som har fokus på å forenkle organisasjonsdrift. Vårt kjerneprodukt er HyperSys, som raskt er på veg til å bli blant mest brukte løysninga for mellomstore organisasjonar i Noreg. Vi er eit lite firma, men har lokale i Frivillighetshuset med vidt spekter av organisasjonar, som KANDU, Hyperion, Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar, Manifest og mange fleire.

Om HyperSys

HyperSys er eit medlemsregister med mykje funksjonalitet. Kjerna i systemet er medlemsregister med fakturering og medlemsdialog og oversikt over aktive i organisasjonen. Løysninga er (i motsetning til de fleste konkurrentar) utvikla for bruk i alle ledd i organisasjonen; frå medlem til lokale tillitsvalde og sentrale tilsette. HyperSys skal forenkle drifta til organisasjonar, og frigjere meir tid til rekruttering og medlemspleie. I tillegg til våre kjerneløysning er det fleire funksjonar kopla til som arrangement/møte, støtteordning, årsrapport og mykje mer.

Arbeidsvilkår
  • Faglege utfordringar i moderne og ungt miljø
  • Triveleg arbeidsmiljø prega av fokus på nytte og forenkling av kvardagen for brukarorganisasjonane
  • Sentrumsnært arbeidsplass i Frivillighetshuset på Tøyen
  • Arbeidsstart august-november 2019
  • Heimekontor er mogleg
  • Helse- og uføreforsikring
  • Løn etter avtale
Kontaktperson

Dagleg leiar Andreas-Johann Ø Ulvestad

Telefon 22 99 37 42

Mobil 917 54 579

E-post postkasse [at] unicornis.no

Andre ledige stillinger
Søknadar

Søknad sendast inn via skjemaet under, alternativt via e-post til postkasse [a] unicornis [punktum] no innan 5. august 2019.


Søknad på stilling i Unicornis (opnar i nytt vindauge)