Unicornis har ein stack som består av mange ulike komponentar, og som kontinuerleg vurderast for kva som er passande. Alle komponentane er for mange å liste opp, men hovudtrekka i HyperSys-applikasjonen blir skildra her. HyperSys som applikasjon leverast som teneste frå våre maskiner til alle kundane våre. Vi har ein eigen-eigd maskinpark i Noreg fordelt på ulike lokasjonar, og sjølvsagt eit nivå med test-miljø, produksjons-miljø og liknande. HyperSys vart starta utvikla i 2006, og har gått gjennom mange endringar sidan då. Merk at HyperSys er ei løysning som er «mission critical» for alle våre kundar, og med det er utskifting til ny teknologi noko som ofte tek tid for kvalitetssikring.

 

Python 2 → Python 3 og Django 1.9 → Django 1.11 → Django 2.x

Programkode er no i Python 2, og det jobbast med portering til Python 3. Det pågår òg eit prosjekt for oppgradering til Django 2.x, via Django 1.11. Begge desse er forventa ferdigstilt i løpet av 2018. Django Rest framework er tungt brukt.

 

Server: Apache+mod_wsgi → nginx+uWSGI

Vi nyttar i dag Apache køyrande på Red Hat Enterprise Linux med mod_wsgi. I løpet av kort tid blir dette skifta ut med nginx og uWSGI for betre ytelse og anna fleksibilitet.

 

Javascript: Jquery og NPM med diverse andre

Som dei fleste nettbaserte løysningar no for tida, er Javascript ein viktig del av HyperSys. Jquery blir brukt bredt med ulike bibliotek. Rammeverk som React, Angular osv er i uttesting i ulike prosjekt, og eitt rammeverk vil bli vald for «vegen vidare».

 

Database: PostgreSQL

Vi brukar PostgreSQL med ein del effektivitetstuning.

 

Kodeverktøy: Git’n’friends

Koden vår ligg i Git, og ulike verktøy som Gitlab og meir blir brukt for oversikt. Weblate brukast av dei som jobbar med omsetting frå engelsk til bokmål, nynorsk og andre språk som systema våre blir levert i.

 

Utanfor stack men relevant: Arbeidsstasjonar

Alle arbeidsstasjonar hjå Unicornis har to-skjerm-oppsett (dei fleste med 23 eller 24 tommar) og med Linux som operativsystem. VPN er tilgjengeleg for viss fjerntilgang.