Oppdrag og prosjekter

Unicornis utvikler eigne løysninger for å gjere livet til personar i sentral, regional og lokal administrasjon enklare. Systema våre er i hovudsak basert på internett-kobla maskiner, og er tilgjengelege i fleire språk og design.

Våre løysninger

Unicornis utvikler eigne løysninger for å gjere livet til personar i sentral, regional og lokal administrasjon enklare. Systema våre er i hovudsak basert på internett-kobla maskiner, og er tilgjengelege i fleire språk og design.

hypersys_235x50

HyperSys er flaggskip-produktet vårt, og består av særs mange modular som til saman innfører sjølbetjening på alle ledd i organisasjonar. Eit medlem kan sjølv oppdatere informasjon, gjere endringar, melde seg på til arrangement og meir, medan lokallagsleiare kan sjå alt dette eller gjere det på vegne av enkeltmedlem om det er naudsynt.

Møte-, kurs- og konferansestyring

Kor ofte har ikkje personar gløymd av eit møte? Eller kanskje ikkje fått alle sakspapir i hende? Eller kanskje slit du med mykje arbeid i å «mase» på at personar skal varsle om dei kjem eller ikkje eller å få dei til å melde seg på ei konferanse i det heile tatt? Dette er ein kvardag vi kjenner oss att i, og våre modular for møte-, kurs- og konferansestyring gjer deg fleire val, meir informasjon og meir tid til overs for å fokusere på sjølve innhaldet. Om det er eit kurs som du skal få studieforbund- eller statsstøtte for, lagar systemet sjølsagt automatisk rapportar for deg.

Donasjonar

I samråd med ein bistandsorganisasjon utviklar vi eit system for innsamling av donasjonar frå faste givarar, kampanjer for aktiv innsamling, sal av varer med meir. Systemet har blant anna funksjonalitet for ringelister/callcentre, takkebrev, rapportering av skattefritak med meir.

geekevents_235x50

Geekevents er ein netteneste for sal av billettar til arrangement med diverse støttefunksjonar, herunder kontakt med deltakarar, spørreundersøkingar, forum med meir. Prosjektet har eigne utviklarar og blir drive i eit eiga selskap kor Unicornis eig ein del og dei involverte kodarane med meir eig resten.

Prosjekter

I tillegg til eigne løysninger, er Unicornis ein teknisk kompetansebank for frivillig sektor. Vi er involverte som rådgivarar, integratorar og utviklarar i ulike prosjekt.

Integrasjonsprosjektet (Altinn/Brønnøysundregistra)

Unicornis tek del i Integrasjonsprosjektet, kor vi er leigd inn til å arbeide med å finne ein teknisk plattform for å rapportere informasjon som styresamansetning med meir direkte frå medlemsregister og inn i offentlege registre. Målet er å senke lista for å rapportere til det offentlege, og at fleire organisasjonar skal få organisasjonsnummer utan at det blir meir arbeid for dei tillitsvalde. Arbeidet ledast av Kulturdepartementet, og målet er å lage ei teknisk løysning pluss referanseimplementasjon.

Teknisk rådgjevar

Unicornis har ein unik kompetanse innan skjæringspunktet teknologi og organisasjonarbeid. Denne kompetansen er leigd ut til organisasjonar som skal ta viktige vegval innan personvern, val av systemer og meir.

 

Saksbehandlingsverktøy for Frifond-støtteordningene

Kvart år blir over 150 million kroner fordelt via Frifond-støtteordningene. Pengane skal gå til lokal aktivitet, og det er fleire ulike støtteordninger med ulikt fokus og ulikt regelverk. Unicornis utvikla ei løysning for administrasjon av dette, noko som føyrde til ei digitalisering av søknadsprosessen og ei ny tid kor alt frå søknad, utbetaling av pengar og rapportering av tiltak gjekk for seg utan eit einaste papirark.